“Kallag merakkelse e’ ditta her – e de kje rektige?” Det var responsen til ei nabokåna då eg og Gunnar hadde rigga te med pallescene og 200 liter heimalaga vin i Åreiddalen sumaren 1999. Gunnar haldt opningstalen – som nok var i da mesta laget improvisert. Eg minnast han i den eine augneblinkjen tala so flott om kor viktig utdanning var for ungdom, i neste kastet vende han om og ytra seg som ein sann liberalar: “No e me samla te festival på Åreid, godtfolk. Adle skal veta at elskov i eller bak brakjen ikkje berre blir godtatt – da blir og på da varmaste anbefalt! Sjølv vil eg vara disponibel for yre kvinner, stort sett i heila kveld.” Me hadde sopassa med watt på lydanlegget at talen runga ut over heila Finnåsvikjo, så sjølv om ein og anna nabo ytra sin skepsis, var det vel ikkje verre enn at dei fleste satt med eit flir om kjeften både I Grønnevik og på Sakseid.

Som festivalar plar ha, var det mykje interessante musikalske innslag dette året. Kurt Inge Larsen spelte “Digging på hotellet” – tittelsporet på hans einaste LP so långt. Om det falt i like god jord hjå damene anno 1999 som tidleg på 80-talet – då Kurti var ungkar med tronge jeans og stilig gitar – skal vara usagt, men han kom seg heilberga ner frå scenen. Eg hadde samla saman eit husband dagen før, beståande av Åsmund Nesse på bass, Staale ”Ball” Fylkesnes på trommer, underteikna på gitar og Gunnar på munnspel i C-dur. Me starta med blues (eit rop om hjelp) i G-dur og da heila gjekk etter måten godt. Drøsen gjekk og dei frammøtte såg ut til å trivast på festival. Eg skulle henta Brynjar Stautland – trekkplasteret – før me fortsette på scenen. Eg gav Åsmund klarsignal til å forsyna seg av trubadurølet før eg for avgarde i Fiestaen te mor. Ved ankomst Melkevik satt Brynjar iført undikk og gitar på ein krakk midt på stovegolvet. Visa han tralla gjekk på temaet; “da konne vore verre”. Eg må konna tilføya her at da va ein svert truverdig tekst han tralla på; eg har vel sett menn i ringare form. Stemninga var stigande på Åreid, bassisten låg med håve til kjøl ner i elva og folkje hadde gitt vinen “bein å gå på.” Eg hotta eg gav ei flaska øl til Brynjar og advarte han mot at da konne smaka litt fisk tå da. (De skjønar, me hadde ølet kjølt ner i ein boks med gammale fiska-is.) – Da konne vore verre, farr, eg har vore på fiskje før, sa Brynjar, og tok da heila med tål. Eg trur dette fyrste året med festival gav ein gnist til større planar. Når Brynjar spela “Bømla-viso” og ”Olemann og Pitter” og bygdafolkje song med, var det som ein stemning var satt - ditta va gildt!

Året 2002 flytta me festivalen til Melkevik ved Kulleseidkanalen Gjesthamn etter tre år med lett galskap i Åreiddalen. Konseptet var mykje det same, der lokale krefter baud på seg sjøl frå scena. Dette året var og Atle Hansen innom. Støypt i minnet står bandet med Atle Hansen på gitar, Brynjar Stautland på stortromma med hjortaskinn, Vegard Hansen på rytmiske hjortaknoklar (han var forhaldsvis rytmisk sjølv og), Willy Mæland på didgeridoo og Elna Selle på hardingfele. Om eg kunne reist tilbake i tid står denne kunstneriske høydare øvst på ynskjelista, rett føre Woodstock i ni-og-seksti.

Festivalen sumaren 2003 var lagt til ein nydeleg dag. Les Misérables-ensemblet fekk båttur med Eidesvik-skuta ”Gå På” og stilte mannsterke opp på festival. Oppmøtet var så stort at me året etter såg oss nødt til å begrensa folkehopen til BML-ensemblet og spesielt inviterte. 2004 vart slik året med ei mindre samling folk, men året står likevel att som eit hamskifte i festivalen si historie. No sto somme av Noregs finaste artistar på den vesle scena vår: Kenneth Sivertsen gjøgla og song som berre han kan. Jan Ingvar Toft skapte magi med “Danse mi vise, gråte min sang”. Britt-Synnøve Johansen og Halvor Lillesund spelte Piaff utover sumarnatta, Sigurd Sele og Heine Totland song av hjartans lyst og Brynjar fekk sin sedvanlige kjemperespons på Bømlaviso. Nattspelet hjå Brynjar den kvelden går inn som ein høydare i underteikna sitt forhaldsvis unge liv. Gitaren vart sendt i ring til lyse morgon. Tidleg på kvisten satt det femten mann bak furua te Brynjar og hala og sleit mens Jan Ingvar spelte “Gubben og gamla”.

Festivalen i sumar er vel den som foruten plaskregn (bank i bordet) har sett standaren for komande år: To scener over to dagar, kvalitet over heile fjøla, eit par snes med eldsjeler i arbeid og eit smilande publikum. Ein rørande augnablink for underteikna var då Sigurd som avslutning på da heila song ”Hallelujah” av Leonard Cohen, og amerikanarar, aussiar, ja, te og med bergensara heiv seg på. Dette altså i Melkevik!

På vegne av Hans-Olav, Gunnar, Cecilia, Fredrik, Knut Erik, Nils-Inge og Johannes ynskjer eg velkommen til Melkevik i 2006. Me ser mot stjernene!


Med helsing
Geir Ersland, festivalgeneral