TIDSOVERSIKT



Jan Ingvar vitja festivalen i fjor og gjorde stort inntrykk. Det var ikkje berre publikum som likte det - Jan Ingvar ynskte sjølv å koma attende i år. Vamp-vokalisten står støtt på eigne bein, med eit unikt og sterkt uttrykk. I år kjem han med sitt nye orkester!


Olav Stedje treng vel ingen nærare presentasjon. Etter seks sølvplater (over 25.000 selde plater) og Spelemannspris for "Tredje Stedje" er han etter kvart vorte "folkeeige".

Olav kom for alvor inn i rampelyset då han på slutten av 70-talet starta samarbeidet med "LAVA". Sidan kom låtane på rekkje og rad; "Ta meg med", "Vi vandrar saman", "Ein nordmann sin draum" og mange fleire.

CD'en "Bot og bedring" kom ut i 1995. Produsert av samarbeidspartnar gjennom mange år Svein Dag Hauge, er denne produksjonen nok ei stadfesting på at Olav Stedje står for solid kvalitet og tradisjon.

Etter ein "kvilepause" er no Olav attende. I Melkevik!



Bergens-basert band med tre vestlendingar - frå Bømlo i sør til Molde i nord, ein aussie og ein italienar. Dette bandet er definitivt på veg oppover, så festivalen er glade for presentera dette bandet tidleg i karrieren. Sjølv om dette er eit ungt band har alle medlemene brei erfaring. Vokalist Ingrid Mjanger er kjend gjennom arbeid med Sondre Lerche, Julian Berntzen, Tweeterfriendly Music og Nathalie Nordnes. Bassist Davide Bertolini turnerer med Kings of Convenience og har produsert deira siste plate.

www.opheliahope.com



Bømlingen Sigurd Sele har etter kvart gjort seg bemerka over det ganske land. Han har bak seg eit imponerande antal spelejobbar som trubadur, og har hatt viktige roller i musikalar som Les Misérables, Jesus Christ Superstar og Fame.


Tron gav i mars i år ut konseptplata "Ocean". Tematikken dreiar seg rundt ulike aspekt ved havet, og det å reisa ut og koma heim att.

www.tronmusic.net



Amerikansk singer/songwriter med sterke historier prega av sin barndom i USA.

Robert på NRK Urørt



Fantastisk singer/songwriter i den amerikanske "roots"/country-tradisjonen.


Forrykande soul/funk-band frå Bergen med tallause konsertar bak seg. Her vil det nok rykkja i dansefoten.


Vokalist med fengjande pop-låtar skrive saman med tangentmann Kim Gulbrandsen. Caroline er kjend gjennom bandet Fountainheads, men har no samla Bergens-musikarar til sitt eige band.


Bassist/vokalist Helge Haugland står i spissen og serverer klassikarar frå The Police på eit lekkert sølvfat.


Brynjar Stautland har vore fast innslag på festivalen sidan me fyrst starta i Åreiddalen for fem år sidan. Forfattaren, filmskaparen, skodespelaren og visesongaren er busett i Melkevik, der han er høvding og kjentmann. Visesongaren Stautland rører seg i segmentet Vreeswijk; eit unikt uttrykk og tema frå det lunt humoristiske til det gripande vakre. Som tekstforfattar er Brynjar noko av det finaste Sunnhordland har å by på.


Atle Hansen er busett på Stord, men er fødd i 1954 i Mosterhamn, Bømlo. Hansen er vel kjend for dei fleste i regionen som journalist i Sunnhordland sidan 1987. Fekk Vinjeprisen i 1996 frå Landslaget for nynorsk presse. Debuterte som forfattar med "Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill" på Cappelen i 1997. Har sidan gjeve ut "Den nihala katten" (1998), "Pelle Parakitt" (1999), "Skatten" (2000), "Heksa" (2001) og "Sargasso" (2003).

CD-en "Blå måne" kom ut i 1995 med tekstar av Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad, Rune Belsvik og Atle Hansen.

Spela første gong til dans i 1969 på ungdomshuset Solvang i Mosterhamn. Han har reist land og strand rundt med gitaren og røysta si - åleine og saman med andre. Han har turnert for Rikskonsertane, vore på Dei Nynorske Festspela og Vossajazz og vore gjest på festivalar i Hangø, Finland og Halmstad, Sverige, og jamvel halde konsert på universitetet i Vilnius, Litauen.



Trond Helge Pettersen er ein 29 år gamal bergensar busett i Trondheim. Han har reist som musikar i 10 år, og jobbar i desse dagar med ei soloplate saman med Ulf Risnæs frå Tre små kinesere og Christian Nystrøm (bl.a. Paal Flaata).

Han stiller saman med gitaristen Inge Helland frå Rennesøy utanfor Stavanger som til vanleg spelar med Morten Abel.

Saman spelar dei ein del eige materiale samt ausar frå sitt rikhaldige repertoar med songar av bl.a. Cornelis Vreeswijk og Bob Dylan.



Ragna Flotve frå Ullensvang i Hardanger (busett i Sveio, med røter frå Kulleseid), har denne månaden gjeve ut diktboka "Framtida ligg bada i fargar". Boka er gjeven ut saman med biletkunstnaren Roald Tellnes, som har fargerike og symbolrike illustrasjonar i boka.

Me treng glede og sorg, latter og gråt.

Me treng røter og venger.

Me treng fargar og variasjonar.

Ragna sine dikt er korte og fargerike, og prega av motsetnadane som livet består av.



Velkjende bømlingar i nytt band. Roger Stangervåg, Åsmund Nesse, Arnfinn Matre og Trygve Nordtun spelar sjølvskrivne låtar innanfor rock/prog med musikalske krumspring og smektande eleganse.


Batmobile serverer ein musikalsk forundringspakke for festivalpublikummet. Her veit ingen kva som kjem til å henda. Heller ikkje musikarane sjølve.


Stordingen Gisle Alsaker har gleda publikum i mange år med si fantastiske røyst. Me kjenner han som frontfigur i Underhaldningsselskapet og Sting/Police-tributebandet med mellom andre Roald Kaldestad og Øs Søsen.