TIDSOVERSIKT

Tidlegare
program
2005


Tid: Laurdag 29. juli kl. 15:00
Stad: Finnås bedehus
Gratis inngong

Ei poetisk og filosofisk teaterframsyning for born.
I samarbeid med Saturnteateret.




Dersom du skal få me deg ein rockekonsert i år, må det verta denne! Cato Salsa ristar deg i buksebeina så du må le! Det tøffaste livebandet i kongeriket punktum.

www.catosalsaexperience.com



Desse seks karane frå Stord har gjort seg bemerka med med strålande kritikkar av både konsertar og plater, og det med noko så traust og gammaldags som shanty-viser. Dette vil du lika, anten du trur det eller ei!

www.shantychoir.com



Dette vart skrive av Dagbladet etter at Delaware for alvor slo gjennom på by:Larm:
”Mer sofistikert enn Motorpsycho og vakrere enn Seigmen. Delaware lager rett og slett vakker støy. Liker du Radiohead og Placebo, bør du sjekke ut Delaware”.

Du kjenner sikkert bandet gjennom hyppig rullering
på P3 sine spelelister. Med eit lydbilete som kan skildrast som melodiøs rock, er det vanskeleg å ikkje like dei gjennomførte låtane til Delaware!

Delaware er også kjent utafor landegrensene og har opparbeidd seg et solid namn i Tyskland. Når band som Keane og Mew har klart å nå så langt kan ein berre spørja seg kor langt Delaware kan nå med sitt låtmateriale - som er minst like bra. Dette er ein av dei verkeleg store ”godbetane” me byr på i år. Gled deg!



Brynjar Stautland har vore fast innslag på festivalen sidan me fyrst starta i Åreiddalen for seks år sidan. Forfattaren, filmskaparen, skodespelaren og visesongaren er busett i Melkevik, der han er høvding og kjentmann. Visesongaren Stautland rører seg i segmentet Vreeswijk; eit unikt uttrykk og tema frå det lunt humoristiske til det gripande vakre. Som tekstforfattar er Brynjar noko av det finaste Sunnhordland har å by på.

www.stautland.net



Mil borte, borte frå byens tørre, sprukne lepper ligg det eit skrøpeleg, forlete hotell. Innanfor dei falleferdige veggane høyrest ein behageleg støy. På ei støvete scene står eit orkester samansett av middels tiltalande menn som gjer alt dei kan for å riva dei siste bileta ned frå veggjen, bileta av draumane deira. Ein draum karikert som ein grov kontur av ei lyshåra, langstrekt kvinne. Den bleike solstråla har ein fascinasjon for å rulla seg nedover ein graskledd, bratt bakke, for så, nakjen og forvirra, setja seg på taket av en gammal varebil og skrika groteske ord ut mot eit tett teppe av ingenting. Ho er det besynderlige, skjøre og enkle. Det eineste svaret ho får er gjenlyden i hovudet av si eiga røyst. Dei einaste som lyttar er
Babe Rawlins.


Veletablert singer/songwriter med base i London. Michael Dunnigan har røter frå folk-tradisjonen og gjev det intime formatet solid tyngde gjennom lyriske tekstar og keltiske tonar. Michael spelar på humor og grøne gitarar.


Ingrid Mjanger er kjend gjennom arbeid med Sondre Lerche, Julian Berntzen, Tweeterfriendly Music og Nathalie Nordnes. Dei som var på festivalen i fjor kjenner ho også som vokalist i Ophelia Hope.

Ingrid vart i fjor vinnaren av "Jazz i sikte" - ein konkurranse i regi av Bergen jazzforum, Vestnorsk jazzsenter og Nattjazz. Ho vann òg Sparebanken Vest sin talentpris.

Til Melkevik kjem ho med ein trio (TBA) i ryggen og jazz- og soul-perler på repetoaret.



Den unge Odd Martin Skålnes frå Haugesund har dei siste fem åra vore eit usedvanleg
friskt pust i sildabyen sitt musikkmiljø. Han har
tidlegare fronta Haugesund Popensemble og Saikoeple og vunne stor åtgaum hjå publikum.

I Melkevik vil han åleine med gitaren hugta oss med dei skjønaste tonar. Gløym Øs Søsen, no er det Odd Martin som gjeld!



Musikken me får servert av Sigurd i år er ei blanding av eigne låtar og cover-låtar han har gjort til "sine eigne". Alt frå steinhard powergroove, til nydeleg vakre melodiar. Sigurd Sele slik det er meininga han skal høyrast ut!

Med seg har han Thorstein Nøkleby, ein perkusjonist som har spesialisert seg på det latinamerikanske instrumentet cajon. I tillegg er han den fødte moromann. Ein kveld med desse to er ei herleg blanding av latter, kos og vakker musikk.



Gunnar Ersland har gjort seg til latter på den lokale scenen meir en ein gong, men har meir enn sitt komiske talent å by folket. Gunnar er genuint interressert i japansk lyrikk og vil framføra nokre mesterstykke som i tid og tema speglar Japan frå middelalderen til i dag.

Gunnar resiterer med stor tyngde og etterlet lyttaren i eit poetisk pusterom til ettertanke og meditasjon.



Zombiar, mordarar og elefantar som ventar på bussen er berre nokre av karakterane I Ramsay sine songar. Det er ikkje lett å tjora han fast I ein musikalsk bås – skotsk folkemusikk ispedd nook luftig og sødmefylt frå tredveåra er kanskje det næraste ein kjem. Songane hans rører seg frå mørke ukulele-balladar til 'finger-picking folk' og vidare til hard einmannsrock.

'Unarguably one of Scotlands best new singer/songwriters' - John's friend Kenni
'John is to the ukulele what Jimmi Hendrix is to the guitar' - John's grannie

www.ezfolk.com/audio/johnramsay



List er vakker harmoni frå Stord og Bømlo. Hanne Bergheim (låtskrivar) på vokal og gitar og Ella Helen Bukkøy på vokal og fiolin utstrålar venleik både i lyd og farge. Dei to har spela i lag i halvanna år og har kasta glans over fleire tilstelningar. Dei to listar seg under huden og gjer sumardagen fullkomen!

List på NRK Urørt



Eric 'Slim' Zahl & The South West Swingers starta opp i 2005, men har allereie opparbeidd ein solid skare av beundrarar. Bandet er samansett av fire erfarne karar frå Stavanger:

Eric 'Slim' Zahl - gitar/vokal
(Subclub, Johnny & The Beels)
Roald Brekke - bass/kor
(Stavanger Bluesband, Zydeco Supply)
Øystein 'Boogieman' Undem - piano/orgel
(Tempo Toppers og BB Lyngs Bluesband)
Atle Helland Strøm - trommer/kor
(Reidar Larsen & The Storytellers, Hard Luck Bluesband, Stavanger Bluesband)

Eric 'Slim' Zahl & The South West Swingar deg rett inn i 50-åra - med drivande blues, boogie-woogie, rockabilly og bukseselar!



Mange av artistane som spelte under festivalen i fjor har hinta frampå om at dei gjerne ville koma attende i år. Me prøver å laga eit heilt nytt program kvart år, men me måtte gjera eit unntak med Robert Smith-Hald. Han vekte stor begeistring hjå dei som fekk med seg konserten hans under festivalen i fjor. Debut-plata er snart ferdig miksa og skal vera på marknaden i løpet av hausten.

Robert på NRK Urørt



Pressa seier:
...slentrende sjarm der han synger om forelskelse, mislykkethet, å være elsket på tross og en lykkelig oppdagelsesreisende Columbus.
Ann Kristin Ødegård, BA

Med søt gitarmusikk, og en blanding av et alvorlig og et noe mykere repertoar sjarmerte Trygve de fremmøtte. Trygve er tilstedeværende på scenen, og musikken hans er stemningsfull og melodiøs. Maria Lekve, Bulle

Trygve Eiken, som ifølge juryen gjør noe ingen har gjort siden Jan Eggum; å synge sårt og humoristisk på norsk.
Walter Wehus, Studvest



er eksilant i London og er ansvarleg for å bringa to dyktige skottar til Melkevik. Dei fleste bømlingar kjenner Glenn som han flinke på gitaren som spelte med han Guttormen innonte Hallerakermarkjo på ein onsdagsjam seint på nitti-talet. Glenn Meling har eit talent som ikkje er ålment kjent. I Melkevik spelar han åleine med gitaren – samt med sine nye svirebrør frå Skottland.


Bømlabandet Peep Durple seglar inn med ein frisk råkkevind no som artistlista nærmar seg ferdigskriven. Peep Durple markerer seg som eit av dei lokale banda som er vel verdt å få med seg. Bjørn Håvard Bjørklund, Arnfinn Matre, Anders Helle, Roar Bakke og Roger Saglien serverer drivande tunge tonar av god gamal årgang laurdag kveld.


Norges Lover er eit drivande godt funkband frå Bergen. Bandet spring ut frå miljøet rundt jazzlinja på Griegakademiet. Ein av Bergens beste rapparar vil gjesta podiet.

”Dei tek luven tå deg” - Geir Ersland til Helge Larsen.