Tidlegare
program
2006
2005


Spor - ein hyllestkonsert til Kenneth Sivertsen

Gjestevokal: Jan Ingvar Toft

Astrid Kloster (vokalist i Aftenlandet) samarbeidde mykje med Kenneth Sivertsen på slutten av 90-talet - på plate, fjernsyn og konsertar. Kenneth ynskte å skriva musikk til Astrid si fyrste soloplate, men vart etter kvart for sjuk til at det let seg gjennomføra.

I Melkevik tolkar ho Kenneth sin musikk saman med fleire av Kenneth sine medmusikantar gjennom fleire år. Konserten ber namnet Spor, etter ein nyskriven songtekst av Solfrid Sivertsen. Spor vil òg vera tittelen på den komande plata. Her medverkar Jan Ingvar Toft (ex-Vamp) og Heine Totland, begge med eit nært forhold til Sivertsen sin musikk. Me er glade for at Jan Ingvar hadde open kalender 6. juli!

"Jeg elsker de vakre melodiene, det dramatiske og såre utrykket hans, og føler at låtene hans matcher mitt uttrykk på en fin måte." Astrid Kloster

Atle Hundsnes - keyboard
Stig Roar Wigestrand - fiolin/bassfiolin
Yngve Moe - bass
Tor Bjarne Bjelland - trommer


er "Grand Old Man" i norsk rootsmusikk. Han er ein unik norsk artist som har vore opening act for legendar som Willie Nelson, Jerry Garcia (Grateful Dead), Taj Mahal og mange andre.

Erik er ein pioner i nyare norsk songarsongskrivartradisjon. Moll er mannen som sto for helvta av låtane på Steinar Albrigtsen sitt debutalbum, som vart løna med Spelemann og starta rootsbølgja på 90-talet.

Erik Moll har budd og spela i California i 4 år på 70-talet og 13 år i Austin, Texas på 80- og 90-talet. Han har gjeve ut fire soloalbum:
Wayward Ways (1989, produsert av Joe Gracey)
In the Shadow (1994, produsert av Mitch Watkins)
Most of All (1998, sjølvprodusert)
Come What May (2003, produsert av Mitch Watkins)
(siste med 5 på terningen i Dagbladet, VG og Aftenposten)


Dette er eit band som dei fleste har sterke meiningar om. Men - dei fleste av dei fleste likar Kakkmaddafakka svært godt!

Dette er ungdommeleg galskap og musikalsk idérikdom i ein perfekt miks. Å karakterisera musikken deira er umogleg, men at du kjem i godt humør av ein Kakk-konsert er heilt sikkert.


Reggae-orkesteret Nese Rastafari Community er eit bestillingsverk te årets festival. Medlemmene kjem frå Karibbien og Brasil, Bergen og Nese. Hadde prøveopptreden ved Nese sin årlege fiskekonkurranse tidlegare i år ved Tussavikjo.

Nese Rastafari Community ynskjer å spreia positiv glede til folket. Det vil verta servert reggae av den gode sosen frå eit flott lyrafat. Nese Rastafari Community oppmodar om fred og kjærleik te folket, lika frå Nese te Jamaica. Dei vil denne kvelden hylla Bob Marley og det fenomenale bandet The Wailers, som revolusjonerte den vestlege verden med sin suggerande og fløsede reggae.

Pouch Lino frå Belice hoppar og syng
James Cruz frå Jamaica dansar og syng
Lelo Bala frå Brasil spelar gitar og syng
Hans-Olav Molde - trommer
Åsmund Nesse - bass
Einar Sogstad - orgel
Stein Urheim - gitar
Geir Svenson - perkusjon
Torbjørn Brandal - gitar


Da smått legnedariska bandet dukkar opp frå gløymselen når du minst trenge da. Du har endeleg fått Mustang Sally vekk frå hjernebarken, du kan endeleg sjå din betre halvdel kle av seg utan at det blir akkompagnert av You Can Leave Your Hat On, du kan endeleg sjå folk på gata utan at Let My People Go Go dundrar mjødlo øyrene, du kan ro på sjøen utan å høyre ro-ro-ro din b...........øhh nei.

Men ja, det er sanning. Møllo Blues Band kjem til Melkevikfestivalen. Det har lukkast festivalleiinga å få samla dei fleste av desse fantastiske musikarane til ein reunionkonsert i samband med deira femtenårsjubileum. Det er femten år sidan dette bandet sette Møllo i Tverråno på kartet for godt. For å vera heilt ærlege så fjerna dei vel heila Møllo frå jordas overflate ved å setja fyr på den, men da skal me ikkje snakka meir om. Møllo leve vidare i namnet om ikkje anna.

John Kato Hollund, Frode Kvandal, Roar Bakke, Thor Mathias Solnes, Lars Egil Vik, Karl Osmund Scheen, Sigurd Sele, Vermund Vedøy, Britt Jorunn Rolfsnes, Therese Grasdal, Frode Tveit Sæverud, Stein Olav Grytnes, Dag Helge Habbestad og Pål Kallevåg, er viden kjent for å levera forykande show med den beste musikken nokonsinne laga: Rythm n´ Blues.

Groove me baby!


er eit forholdsvis nytt band som fyrst på tampen av 2004 gjorde seg kjent i Stavanger med eit kort og eksplosivt sett på Checkpoint Charlie. Musikarane er unge, men slett ikkje utan røynsle. Lint, Splitting Image og Sunday Morning Disaster kan nemnast for dei som kjenner musikkmiljøet i Stavanger.

Borderline Case spelar småsleip råkkeråll som treff deg som ein øyrefik. Bandet kjem rett frå studio og er klar til å presentera ny og frisk siddisrock på eit makalaust vis.

Atle Idsøe - vokal/gitar
Kristoffer Ranaweera - gitar
Håvard Jacobsen - bass
Mads Arnesen - trommer


er ein kvartett beståande av Andreas Backer - vokalist/komponist, Kristian Gullåsen på gitar, Øystein Eldøy på bass og Ståle Liavik Solberg på slagverk. Bandet spelar moderne musikk av Andreas Backer, med element av jazz, rock og pop samt fritt improviserte parti med utgangspunkt i tekstar av Robert Creeley og Andreas Backer.

Musikken er dynamisk, og varierer frå det energiske til det lyriske, med klangbehandling som ein viktig del av uttrykket.

Bandets medlemmer er/har vore studentar på jazzlinja ved UiS. Dei har vore aktive innanfor Stavanger sitt musikkmiljø i fleire år, og vitja ymse festivalar rundt omkring i Noreg med fleire kjente band. Av desse kan Andy's Circus, Motsol, Stavangerensemblet, Eivind One Pedersen, Frode Gjerstad, Kinny and Horne og Babe Rawlins nemnast.


Öle Böll er eit nybakt brød i den bergenske rockekakeboksen. Powertrioen tok til i byrjinga av september og består av John Hidle på gitar og vokal, Åsmund Nesse på bass og Vidar Ingvaldsen/Remi Sjo på trommer. Öle Böll spelar eksperimentell rock som får lyren te å fisa.


har vore fast innslag på festivalen sidan me fyrst starta i Åreiddalen for sju år sidan. Forfattaren, filmskaparen, skodespelaren og visesongaren er busett i Melkevik, der han er høvding og kjentmann. Som visesongar og songskrivar er Stautland mest kjent for fengjande melodiar, og for sitt kløktige ferdalag med pennen. Allsidig er eit stikkord om ein gjev seg i kast med å skildre denne mannen. Eksempelvis har Stautland badelag mottatt 2000 kroner frå Finnås kraftlag for ålmennyttig samfunnsinnsats. Det kan lett tenkjast at han også her har ein fot med i spelet.

I år har Brynjar med seg eit feiande flott orkester:
Jan Ove Morlandstø - gitar
Frode Sæverud - tangentar
John Cato Hollund - trommer
Frode Kvandal - bass


er komponist, musikar og songar. Jan Ingvar var ein av frontfigurane i Vamp frå 1991 - 99, og har blant anna laga melodi til fleire av Vamp sine mest kjente songar. Nemnast med glede kan Hønsahus, Hallo, Adjø, Det e derfor eg synge, Ingeborg (saman med Carl Øyvind Apeland), 13 humler og Jentene på landet.

I 2003 gav han ut albumet Et minne om deg, eit album som er ein blanding av eige materiale og eldre tradisjonelle songar frå Haugesund. Med sitt unike og gripande uttrykk har han dei siste åra ste støtt på eigne bein, og gjort ymse både som musikar og skodespelar. Han var den som hausta mest skryt for si rolle i Bjørn Eidsvåg-stykket Skyfri himmel, som hadde stor suksess på Rogaland Teater i 2006/2007.

Jan Ingvar Toft vitja Melkevikfestivalen for to år sidan, i regn og blest må vete. Arrangøren frydar seg over at i år skal sola smile, og røysta hans atter lete.

Foto: Terje Rudi


Bømlabandet Peep Durple serverte eit kort og tungt rockesett på Melkevikfestivalen i fjor. Ein friskare råkkevind har Kanalbrua aldri før måtta tåla. I år er settlista mykje lenger og det er lova kuling i kasta! Peep Durple markerer seg som eit av dei lokale banda som er vel verdt å få med seg.

Bjørn Håvard Bjørklund, Arnfinn Matre, Anders Helle, Roar Bakke og Roger Saglien serverer drivande tunge tonar av god gamal årgang laurdag kveld.


4 øser utgjer Babe Rawlins. I likheit med Okken Bom, kan dei òg, i høg grad, spela på sine øser. Øsene er laga av metall og er fylte med rockesøs som dei vil spreie ved å kaste den utover festivalpublikummet. Be there!


Hypertext er et bergensbasert band som har sitt opphav i Haugesund. Karane har spela konsert på Folken i Stavanger og Festiviteten i Haugesund til strålande kritikkar og femmarar på terningen.

Hypertext spelar grumsete, rytmisk rock'n'roll. Merkelappar som post-punk og shoegaze er blitt hekta på musikken deira.  
  
Åsmud Glette - trommer/vokal
Anders Bjelland - gitar/vokal/støy
Snorre Sturla Lyngstad - bass/vokal
Erik Johan Bringsvor - gitar/vokal


Claus Høxbroe er beatpoet frå København og gav seinast ut "Hylet Fra Gaden" som vekte stor åtgaum blant poesielskarar i det flate land. Han mottok årets publikumspris ved poesiens dag i 2005, og har levert langt over 400 shows sidan 2003. Claus driv til vanleg den tradisjonsrike lyrikklubben "Onkel Danny's Joint" på Vesterbro i København.

Poetry Slam er poesiens kampsport - som publikum vælger du vinderen. Hver digter har max 3 minutter, før publikum fælder deres dom. Efter to runder og en finale, står én slammer tilbage som vinder.



Støj! er impro-lyrik og musik, intet er aftalt på forhånd. Publikum aktiveres ved at lyrikken og musikken skabes via stikord fra de fremmødte og dermed skaber en unik oplevelse hver gang. Da det er publikum der inspirerer, er musikgenren derfor også altid forskellig.


Ole Høyland Trio har vorte samanlikna med nokre av Øs Søsen sine meir alternative prosjekt, til dømes "Obvious Music" og "Liquid Floatation".

Ole Høyland Trio er eksperimentell kunst med utgangspunkt i fri og ukontrollerbar fantasi.


er Sunnhordland sin Tom Waits. Atle er busett på Stord, men er fødd i 1954 i Mosterhamn, Bømlo. Hansen er vel kjend for dei fleste i regionen som journalist i Sunnhordland sidan 1987. Fekk Vinjeprisen i 1996 frå Landslaget for nynorsk presse. Debuterte som forfattar med "Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill" på Cappelen i 1997. Har sidan gjeve ut "Den nihala katten" (1998), "Pelle Parakitt" (1999), "Skatten" (2000), "Heksa" (2001) og "Sargasso" (2003).

CD-en "Blå måne" kom ut i 1995 med tekstar av Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad, Rune Belsvik og Atle Hansen.

Atle spela fyrste gong til dans i 1969 på ungdomshuset Solvang i Mosterhamn. Han har reist land og strand rundt med gitaren og røysta si - åleine og saman med andre. Han har turnert for Rikskonsertane, vore på Dei Nynorske Festspela og Vossajazz og vore gjest på festivalar i Hangø, Finland og Halmstad, Sverige, og jamvel halde konsert på universitetet i Vilnius, Litauen. Til Melkevik kjem han saman med Jørn Olav Myhre på bass.


er eit Nirvana-coverband som er nostalgisk hefta, og som vil henta fram grønsjråkken frå lengst inn i skåpet.